Lørdag 23. mar 2024 kl. 23:30

Horse Orchestra

Vossa Jazz / Park
Voss

“Eit festband som med framføringane sine nesten negerer skandinavar sitt rykte for å mangla humor.”, skriv Jazzword.com.

Publikum kan heilt enkelt ikkje unngå å bli smitta av den sprudlande energien Horse Orchestra steller i stand når bandet entrar scena. Musikken frå 20-talets New York møter avantgardistisk jazz frå 60-talet, og saman leikar dei seg med mang ein musikalsk stikkveg. Dei rasar gjennom alt frå rock til renessansemusikk – heile tida med ein original, humoristisk og postmoderne stil, og stappfull av dugleik og underlege påfunn.

Deira nyaste album, “The Milkman Cometh” vann to prisar på Danish Music Awards i 2022, med ei grunngjeving som lyder som følger: “Bandets mange personligheder, med flere kompositoriske bidragydere, er også bandets store force – og grunden til deres mangefacetterede udtryk. Bandet er med deres overlegne musikalitet og underspillede humor klar til at erobre verden.”.

For ein konsert det vert!

Medverkande:

Erik Kimestad – trompet
Ingimar Andersen – saksofonar
Petter Hängsel – trombone
Kristian Tangvik – tuba
Jeppe Zeeberg – klaver
Nicolai Kaas Claesson – bass
Rune Lohse – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev