Fredag 22. mar 2024 kl. 21:30

Gabriela Garrubo

Vossa Jazz / Park, Vossasalen
Voss

“Ryktet har gått ei god stund: i Bergen finnes det en norsk-brasiliansk vokalist med noe helt spesielt å melde.”, skriv Nettavisen om Gabriella Garrubo si debutplate, “Rodando”.

Garrubo syng med klokkeklar stemme, om å finna seg sjølv, og om å finna styrke i ei uroleg verd. Ho syng vekselvis på portugisisk og engelsk, med eit musikalsk bakteppe som balanserer enkelheit og djupne. Her kan ein høyra innflytelse frå brasiliansk 60- og 80-tallsmusikk, skandinavisk jazz, og meir moderne, elektronisk musikk.

Garrubo si debutplate består av ti songar – 32 altfor snøgge minutt som inviterer lyttarane inn i eit lunt og friskt musikalsk landskap.

Medverkande:

Gabriela Garrubo – vokal og tangentar
Johannes Nøkling Aagaard – gitarar
Andreas Svabø – kontrabass
Audun Humberset – trommer og perkusjon
Alexander Norman Crook – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev