Fredag 22. mar 2024 kl. 20:00

Gabriel Fliflet – i lys og loge

Vossa Jazz / Gamlekinoen
Voss

Gabriel Fliflet er eit kjend og kjært namn på Vossa Jazz. Når me i år skal få gleda av å høyra han framføra tingingsverket “I lys loge”, er det 30 år sidan han tok i mot Vossajazzprisen. Denne gongen troppar han opp med eit tingingsverk med ein songsyklus der Kjartan Fløgstad har skrive tekstane og Fliflet laga musikken. Det er heller ikkje første gong musikar og komponist Gabriel Fliflet samarbeider med forfattar Kjartan Fløgstad. I 2021 gav dei ut albumet “Himlaleite – songar av Fløgstad og Fliflet” saman med Trio Alde, som dei hausta glødande kritikkar for.

Slik menneske har gjort i uminnelege tider, skal me også no samlast rundt leirbålet, rundt elden, under urframføringa av “I lys loge”. Saman med fire framifrå musikarar – Susanne Lundeng, Jørgen Sandvik, Per Jørgensen og Anders Bitustøyl – skal Fliflet med særpreg og stor formidlingskraft levera eit rykande ferskt tingingsverk.

Så bli med inn i varmen når Fliflet saman med eit knippe vyrde instrumentalistar byr på ei melodisk og uføreseieleg vandring i landskapet mellom jazz, folkemusikk og visesong.

Medverkande:
Gabriel Fliflet – trekkspel, piano, song
Susanne Lundeng – fela, song
Jørgen Sandvik – gitarar, song
Per Jørgensen – trompet, song
Anders Bitustøyl – kontrabass

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev