Fredag 22. mar 2024 kl. 20:00

Emmeluths Amoeba

Vossa Jazz / Park
Voss

“Når Signe Emmeluth blåser i hornet, så lytter man”, skriv Audun Vinger i DN, medan Jazznytt kallar Emmeluth eit av dei mest interessante unge talenta i skandinavisk jazz i dag.

Den dansk-norske kvartetten Emmeluth’s Amoeba spelar nett den musikken dei har lyst til å spela – frå hardcore frijazz, til tradisjonelle jazzballadar, og alt dei finn i mellom. Med overraskande surklelydar, sutrande saksofontonar og kviskrande vispeslag, arbeider dei med å kombinera komponert materiale med fri improvisasjon. Musikken vert som ei organisk livsform som pustar og pesar saman med musikarane på scena.

«I dagane etter har opplevinga vore med meg i alt – eg vil berre inn i det rommet igjen så fort som mogleg.» – Torkjell Hovland, Ballade

Gruppa består av medlemmar frå den danske supergruppa Efterklang, Megalodon Collective, Hedvig Moldestad sitt Weejuns, Gard Nilssen sitt Supersonic Orchestra og Trondheim Jazzorkester.

Medverkande:

Signe Emmeluth – altsaksofon, komposisjon
Karl Bjorå – gitar
Ole Mofjell – trommer
Jonas Cambien – piano

Denne konserten får du inkludert i billetten Huskort på Park fredag, dagskort fredag, eller festivalpass.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev