Fredag 22. mar 2013 kl. 21:00

Emilia Mårtensson

Vossa Jazz / Park
Voss
Den svenske songfuglen måtte ut av heimlandet for verkeleg å verta lagt merke til. The Observer kallar ho ”the new face of British Jazz 2012” og TimeOut skildrar vokalen hennar som ”the etereal voice”.

På debutalbumet tolkar ho mellom anna Jacques Brel, ein nedtona versjon som faktisk ikkje er representativ for den langt frå nedtona scenepersonaen Emilia Mårtensson. Ho blir omtala som ein sensasjon, utemd og personleg. Om det hadde funnest ein sjanger som heitte Joni Mitchell-jazz, så kunne ho om ynskjeleg sett ho i denne båsen. Noko seier oss at denne kraftfulle dama ikkje er noko fan av båssetjing – ho likar å byta på kva stil ho skal presentera. Fellesnemnar uansett stilart er enormt bra timing kombinert med ei stemme som treff kvar einaste tone.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev