Mandag 20. mai 2024 kl. 19:00

Nesodden jazzfestival – Flytende Speil

Nesodden jazzklubb / Tangenveien 43A
Nesoddtangen

– Nydeleg og rystende intimframsyning !

I Flytende speil er det fire erfarne scenekunstnarar som møtast i eit svært personleg improvisasjonsbasert framsyning.Det handlar om traumer og nedarva mønster frå barndommen, mellom anna frå ein strengt religiøs heim. Spørsmålet som stillast er: Korleis spegle seg i sine næraste, når forholdet til menneska vi er avhengig av for å finne feste, byrjar flyte? Når ein byrjar tvile på eiga oppfatning, og blir usikker på kva som er draum eller røynd, spel eller vrangførestelling?I Flytende speil er hovudoverskrifta overganger. Mellom autobiografi og fiksjonalisering, mellom tale og sang, mellom røynd og vrangførestelling, mellom weltsmertz og galgenhumor.

Flytende speil er eit sceniskmusikalsk samarbeid mellom skodespelar/musikar Torbjørn Davidsen, songar/skodespelar Juliana Venter, komponist Julian Skar og regissør Marius Kolbenstvedt. Framsyninga hadde premiere på Stamsund Internasjonale Teaterfestival i 2021, fekk glitrande kritikkar og blei mellom anna omtala som ein «nydelig og rystende intimforestiling» (Norsk Shakespearetiddskrift).

Støtta av Fond for lyd og bilde

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev