Søndag 24. mar 2024 kl. 14:00

Eldrejazz: Mjøs/Sørheim/Wolski Trio med Kjartan Fløgstad

Vossa Jazz / Velferdsentralen
Voss

Det vert slåttar frå Hardanger, Voss og ein smak av England når Mjøs/Sørheim/Wolski Trio kjem til Trudvang for å spela på Eldrejazzen. Musikarane opnar døra til si musikalske leikegrind, kor dei saman skapar eit innbydande musikalsk landskap av durspel, hardingfele og siter. Mellom musikken vert det opplesing av Kjartan Fløgstad.

I møte med Mjøs/Sørheim/Wolski Trio vert gamle slåttar no kledde i moderne drakt, og tilpassa nye format. Det er lyrisk, det er festleg, og ikkje minst kjekt! Ingrid sitt smilande vesen og varme utstråling skin gjennom kvar melodi ho rører ved. Ho er utdanna frå Ole Bull Akademiet, og har fordjupa seg i heimtradisjonen frå Kvam i Hardanger.

Sidan han debuterte som forfattar i 1968, har Kjartan Fløgstad gjeve ut meir enn femti bøker. Bøkene hans – av nærast alle sjangrar – har ved fleire høve vorte omsett til andre språk, og har sjølvsagt vorte prislønna gong etter gong.

Medverkande:

Ingrid Sørheim – durspel
Johanne Mjøs – hardingfele og fele
Kristian Wolski – siter
Kjartan Fløgstad – tekstar

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev