Lørdag 23. mar 2024 kl. 15:30

BOI AKIH

Vossa Jazz / Osasalen
Voss

I meir enn 25 år har BOI AKIH eksperimentert med musikalske tradisjonar frå heile verda. Duoen kjenner seg heime i utforskinga av alt frå klassisk indisk musikk og melanesisk folkemusikk – til moderne jazz og improvisasjon. Dei har utvikla eit unikt og fargerikt lydbilete som er både overraskande og gjenkjenneleg, og som har oppstått ut frå den konstante dialogen mellom dei to musikarane og dei mange inspirasjonskjeldene deira.

Duoen består av komponist og gitarist Niels Brouwer og vokalist Monika Akihary. Akihary er ein av Europa sine leiande vokalistar, og fekk Boy Edgar prisen i 2023, den fremste prisen for jazz og improvisert musikk i Nederland.

Jazzmagasinet Jazzism skildrar musikken deira som ei unik lytteoppleving. Ifølge dei kan BOI AKIH levera alt frå meditativ ro til ustyrleg villskap, og i begeistringa sprengja dei konvensjonelle rammene med sine overraskande improvisasjonar. Dynamikken mellom Bouwer sitt varmande gitarspel, og Akihary si rike og finkjenslege stemme, kan ikkje anna enn å røra noko i kvar ein lyttar.

Medverkande:

Niels Brouwer – komponist og gitar
Monika Akihary – vokal og tekst

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev