Torsdag 06. feb 2014 kl. 20:00

Bø Jazzklubb presenterer: STY

Bø Jazzklubb / Vertshuset
Bø i Telemark

STY
Torsdag 6. februar 2014
Bar Fifty Fifty, kl 20:00 (konsertstart kl 21:00) 
Billettpris 100,-/150,-

STY er ein trio som vart etablert i 2009 og består av Per Anders Buen Garnås, Sigbjørn Rua og Unni Boksasp. Tre utøvarane frå eliten av norsk folkemusikk, alle har vunne landskappleiken fleire gongar. STY sine konsertar er akustiske og formidlar den tradisjonelle solistiske slåttemusikken, songen og dansen nært og uformelt. Dei legg også vekt på historiane rundt repertoaret dei spelar, slik det har vore vanleg i tradisjonen. Uttrykket ”sty” er eit dialektord frå Tinn som tyder dansemoro, og det er nettopp musikken og dansen frå Tinn som dannar grunnlaget for repertoaret til STY. Støtta av Norsk kulturråd. 

I samarbeid med Telemarkfestivalen. 

Per Anders Buen Garnås – hardingfele, Sigbjørn Rua – dans og munnharpe og Unni Boksasp – song og dans.

Velkommen!

Mvh,
Bø Jazzklubb 

http://bojazzklubb.net/
bojazzklubb@gmail.com

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev