Lørdag 23. mar 2024 kl. 13:00

Badnajazz: Under Bakken

Vossa Jazz / Voss kulturhus
Voss

“Under Bakken” er slåande vakker, morosam og rar – ei musikalsk og visuell framsyning om det yrande og livsviktige universet som me har rett under føtene våre heile tida, i den mørke, brune jorda under bakken!

Visste du at så mykje som 95% av alle levande artar lever under bakken? Kven er desse rakkarane, og korleis lever dei der nede? Tru om dei snakkar saman, eller kanskje til og med leikar saman? Korleis høyrest det i så fall ut? Kanskje denne framsyninga har svaret!

“Under Bakken” høver for born i alderen 5-10 år og for vaksne i alle aldrar, og varar omlag 35-40 minutt.

Tinga av Vestnorsk jazzsenter

Medverkande:

Signe Irene Time – vokal, piano, komposisjonar
Daiyen Jone Castro – fløyte, perkusjon, vokal
Inge Breistein – tenorsaksofon, elektronikk
Fredrik Luhr Dietrichson – bass
Sigurd Steinkopf – trommer
Birk Nygård – visuelle effektar
Tormod Løvold – regi

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev