Søndag 24. mar 2024 kl. 13:00

Aruán Ortiz & Rob Waring Concert Tribute «Til Grete»

Vossa Jazz / Gamlekinoen
Voss

“Lat oss spela inn eit album”, sa Aruán. “Ja, og la oss reisa verda rundt”, svarte Grete. “Fyrst må me spela inn eit album”, sa han. Slik byrja samtalen mellom den cubanske pianisten Aruán Ortiz og den norske vokalisten Grete Skarpeid.

Eit tilfeldig møte vart starten på eit ti år langt musikalsk samarbeid, og eit vakkert venskap. Skarpeid og Ortiz spelte inn to album, heldt konsertar, reiste til Cuba, og drog på fleire turnear saman i løpet av desse ti åra, før Skarpeid gjekk bort så altfor tidleg i mai 2023. Ortiz kjem til Vossa Jazz med ei musikalsk hyllest til arbeidet og venskapet deira. “Til Grete” er tolkingar av utdrag frå albuma dei gav ut – skrive av Skarpeid og arrangert og framført av Ortiz.

Arúan Ortiz er ein cubansk pianist, fiolinist og komponist, som har vore aktiv på den progressive jazzscena i USA i meir enn to tiår. Han er i følge René Bailey frå The Art Music Lounge “ein av dei mest kreative og originale komponistane i verda”. Han har med seg vibrafonist Rob Waring, som bidrog på Skarpeid sitt andre album “Beyond Other Stories”, og som har vore ein sentral skikkelse i norsk musikkliv sidan han flytta til Oslo frå New York i 1981.

Arrangementet vert opna av D`Kor, koret som Skarpeid sjølv stifta, og som ho med stort engasjement og smittande entusiasme dirigerte i heile 22 år. Vidare vert det vist eit utval scener frå den komande dokumentarfilmen av filmskapar Vigdis Nielsen, om møtet og venskapet mellom Skarpeid og Ortiz. Nielsen er frå Ulvik i Hardanger, og filmane hennar er prisløna av festivalar i inn- og utland. Etter ei samtale mellom Ortiz og filmskapar Nielsen følger ein pause i arrangementet, før Ortiz plukkar opp instrumenta sine for å spela “Til Grete”. Det vert ei nær og intim framføring, kor Ortiz ærar venen sin gjennom nett det som gjorde venskapet deira mogleg – nemleg musikken.

13:00

Samtale mellom Aruán Ortiz og filmskapar Vigdis Nielsen, visning av utvalde scener frå dokumentaren “Grete og den cubanske pianisten”. Opningsinnslag av D’Kor.

14:00

“Til Grete”, konsert med Aruán Ortiz, Rob Waring, og gjest Berit Opheim.

Billetten inkluderer både film og konsert.

Medverkande:

Arúan Ortiz – piano, komposisjon
Rob Waring – vibrafon
Berit Opheim – vokal
Vigdis Nielsen – filmskapar
Eriko Saito – dirigent
D’kor – vokal
Elisabeth Vannebo – tuba
Jo Asgeir Lie – trekkspel
Kåre Opheim – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev