Søndag 24. mar 2024 kl. 19:30

ARAS

Vossa Jazz / Park, Vossasalen
Voss

“Aras” er resultatet når to av verdas fremste ensemble innan verdsmusikk slår seg saman: Javid Afsari Rad Ensemble og Zarbang Percussion Ensemble. Eit samarbeid som i sin intermusikalske natur passande nok er oppkalt etter elva som renn mellom Iran og Aserbajdsjan.

Javid Afsari Rad Ensemble er spekka med høgt profilerte utøvarar innan verdsmusikk, klassisk og jazz. Dei speler Rads eigne komposisjonar, inspirerte av persiske, indiske og arabiske musikktradisjonar, og ispedd element av “vestleg” klassisk musikk.

Zarbang Percussion Ensemble har nokre av verdas fremste perkusjonistar frå Iran, Aserbajdsjan og Italia. Det musikalske uttrykket deira ber preg av kulturell nysgjerrigheit og utforsking, kor dei eksperimenterer med instrument frå fleire kulturar. Frå komponerte stykke til strukturerte improvisasjonar – dei serverer dynamisk og meditativ musikk, med element av Sufi-musikk og eldre iranske rytmer, kor rammetromma daf er sentral.

Dei to ensembla speler på kvarandre sine styrker. Det er eit musikalsk prosjekt kor faste rytmar og struktur møter flyt og rørsle. Samarbeidet “Aras” framstår som eit overskotsprosjekt, kor det eine ensemblet nærer, framhevar og utvidar det andre på eit særs organisk vis. Dette er altså ei moglegheit til å få med seg eit samarbeid i internasjonal særklasse.

Medverkande:

Behnam Samani – perkusjon
Reza Samani – perkusjon
Misagh Joolaee – kamanche
Javid Afsari Rad – santur
Daniel Lazar – fiolin
Inger Hannisdal – fiolin
Ingeborg Skomedal – cello
Adrian Myhr – kontrabass

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev