Fredag 22. mar 2024 kl. 21:30

Aksel Røed – Død Sjø

Vossa Jazz / Gamlekinoen
Voss

Fjorårets vinnar av Vossajazzprisen har i år med seg ei blanding av jazz og 80-tals hard rock til festivalen. Verket “Død sjø” er inspirert av havet, av Røed sine opphald på hytta på Sotra, og av besteforeldra hans, som kjende det uendeleg løyndomsfulle djupet langt betre enn den bergenske saksofonisten sjølv gjer.

Ein omfattande turné med rockebandet Spidergawd våren 2023 gav meirsmak for Røed. Han tek like godt med seg både bandet sin trommeslagar, Kenneth Knapstad, og bassisten deira Hallvard Gaardlaus til Vossa Jazz. I tillegg har han fått med seg den ekspressive Even Helte Hermansen, kjend frå Bushman’s Revenge, på gitar.

Aksel Røed har mangfaldige musikalske prosjekt, som General Post Office, Whatever Happens Don’t Be Yourself, Bergen Big Band, Other Aspects, og ikkje minst sin eigen trio. På sida har han drive Tedans konsertserie og festival, Bergen Improklubb og Playdate, i tillegg til at han sit i styret i Nattjazz. Albumet “Do You Dream in Colours”, som han sleppte med Other Aspects i 2023 har hausta fantastiske kritikkar:

“Dette er ei bragd som Aksel Røeds Other Aspects har oppnådd ved å bringa saman jazz i alle sine reine former. Det er ingen elektronikk, ingenting grandiost, ingen skriking, men ein debut som vil verta snakka om i årevis.” – Zachary Nathanson, Echoes And Dust

Medverkande:

Aksel Røed – saksofonar
Kenneth Kapstad – trommer
Hallvard Gaardlaus – bass
Even Helte Hermansen – gitar

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev