Lørdag 23. mar 2024 kl. 12:00

Air Play

Vossa Jazz / Osasalen
Voss

Air Play er tufta på eit gamalt musikalsk samarbeid som ikkje kunne anna enn å gjenoppstå! No gjestar dei Vossajazz med splitter ny musikk, kor kvar enkelt medlem si sterke karriere innan jazz, impro- og samtidsmusikk, får koma til sin rett.

Musikarane spelte saman i Fair Play i ti år, frå 1982 til 1992, då med Trond Kopperud på trommer. Etter at Kopperud gjekk bort i 2021, starta dei tidlegare medlemma i Fair Play det nye bandet Air Play i 2022, som ei hyllest til han. Bandmedlemma i Air Play har komponert ny musikk bygd på deira felles arv, men har likevel heldt av plass til kvarandre sine unike musikalske kvalitetar, intensjonar og uttrykk.

Med Vigleik Storaas som speler piano så det nesten ikkje er til å tru, Tor Yttredal sitt fjørlette saksofonspel, Johannes Eick som fyller rommet med sin djupe bass, og Elin Rosseland sin vare vokal som bind det heile saman, kan me lova ei sterk musikalsk oppleving.

Som dei sjølv seier: Air Play er fellesskap, samspel, improvisasjon, klang og magi i melodi – i felles rytmikk og uttrykk. Det er berre å gle seg.

Medverkande:

Elin Rosseland – vokal, tekst, komponist
Vigleik Storaas – piano, komponist
Tor Yttredal – saksofon, komponist
Johannes Eick – bass, komponist

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev