Lørdag 06. apr 2024 kl. 14:00

Überjam

Jazzsirkelen / Quality Hotel Ålesund
Sorenskriver Bullsgate 7, 6002 Ålesund

Funky instrumentalmusikk frå dei siste tiår har aldri vore så morosamt som når bandet Überjam frå Ulsteinvik spelar dette med begeistring og humor.
Bandet haustar lovord for lett og ledig stemning når perlene frå Mezzoforte, Koinonia, Lee Ritenour Wes Montgomery, Pat Metheny og fleire andre vert servert i lettfatteleg innpakning.
I seriøs kontakt med røtene sine står Überjam som ein påle i minna frå den tida der alt med ”slaphand” bassing vart omtala som ”West coast” uten at vi ana kvifor. Responsen frå publikum har vore overveldande, og humor rundt låthistorikk i kombinasjon med høg nynnefaktor gjer dette til ein minnerik og uforgløymeleg session.
Bandet tek tak i flott instrumentalmusikk med hovudvekt på 70/ 80 og 90-talet.
Überjam består av Rune Ertesvåg; gitar, Jan Thormodsæter; bass, Bertil Tødenes; Trommer, Peter Demirov; Tangentar.

Pris:
200/150/gratis

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev