Fredag 12. apr 2024 kl. 20:00

Mandaljazz 10 år: Andreas Røysum takeover

/ Cosmopolite
Oslo

MANDALJAZZ OG COSMOPOLITE PRESENTERER:
ANDREAS RØYSUM ENSEMBLE FYLLER COSMOPOLITE
EXTRA, EXTRA, READ ALL ABOUT IT! ONE NIGHT ONLY!
The faboulus, the marvelous Andreas Røysum Ensemble!!!!

Audun Vinger har kalla dei Livets Band, og skriv at dei er konsert-Norges største lykkepille.

I fjor var ikkje han aleine om å ha Andreas Røysum Ensemble som høgdepunkt. Til konsertane hans i fjor gikk folk som ikkje visste kva dei gjekk til, for så å gå ut av rommet med haka i golvet – det same med dei som trudde dei visste kva dei gjekk til. For dette er rein kjærleikshyllest til Musikken!

I ensemblet finn vi landets absolutt hippaste musikarar. Musikarar frå den skarpe enden av jazzen.

Og det er nettopp difor Cosmopolite og Mandaljazz har invitert Andreas Røysum til å ta over slottet på Torshov, og lage ein eksplosiv ti års jubileumsfest for Mandaljazz.

Andreas Røysum ensemble spelar TO sett denne kvelden. Først får vi Andreas Røysum Ensemble med låtane Røysums originale låtar. Så får vi Andreas Røysum PARTY Ensemble med soul-klassikarar og dansbare bangers. Vokalist i ensemblet er ingen ringare enn Norges nye souldronning Sofie Tollefsbøl (Fieh…).

Dette blir kvelden for deg som vil drøyme, for deg som vil . Eller som Vinger skriv: «Veldig mange vil få et bedre liv, om enn bare for en kveld, ved å oppleve Andreas Røysum Ensemble.»

PAAL NILSSEN-LOVE GONG-A-LICIOUS
Legenden Paal Nilssen-Love har turnert verden over meir enn nokon annan norsk jazzmusikar, og kan seiast å vere formativ for ei eiga retning innan frijazz. Til Cosmopolite tek han denne kvelden med seg enorme gongar, som produserer frekvensar berre kroppen din kjenner. Dette er alle gongbads moder, og ei perfekt øreskylling før vi går vidare inn i kvelden. Forresten – han joinar Andreas Røysum Ensemble etterpå!

HENRIETTE EILERTSEN SOLO
Henriette Eilertsen gav ut solo tverrfløyteplate lenge før Andre 3000 fann ut at det er det som gjeld. Ho dukkar opp i ei rekke samanhengar i norsk jazz, og då ho gav ut plata Poems for Flute, var kritikarane samstemde – Eilertsens fløytespel er sjelens fløytespel.

ØYVIND BRÆKKE POESIOASE
Er du ein av dei fleire tusen som har opplevd The Source of Christmas, så har du heilt sikkert lagt merke til han – Norges tromboneguru Øyvind Brække! Han kjem til Cosmopolite med sin ville poesi, som for lengst har blitt ein snakkis blant kjennarar. Nokon kallar han trombonens Jon Fosse, andre kallar han trombonens Andy Kaufman. Ta denne pressetekstforfattarens ord på det! For å sitere ei anna legende: Here, take this – You’ll laugh, you’ll cry, It’ll change your life

BOOM!
Og i TILLEGG til alt dette, kjem det ein gjeng med overraskingar og hemmelege gjestar! Bli med og fyll Cosmopolite med musikk, dans og livet!

ONE NIGHT ONLY ULTIMATE JAZZ DANCE PARTY!

19.00 dørene åpner
20.00 Paal Nilssen-Love
20.30 Henriette Eilertsen
21.00 Andreas Røysum ensemble
22.30 Øyvind Brækkes poesioase
23.00 Andreas Røysum PARTY Ensemble med Sofie Tollefsbøl, gjester og overraskelser 🙂

Støttet av Oslo Kommune

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev