Fredag 28. apr 2017 kl. 21:00

SPYRO GYRA

Bergen Jazzforum i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter / Sardinen Usf
Bergen

JAY BECKENSTEIN saksofon JULIO FERNANDEZ gitar, vokal LIONEL CORDEW trommer SCOTT AMBUSH bass TOM SCHUMAN tangenter

Jepp – dei eksisterer enno. Stifta i 1974, vore kontinuerleg på vegen sidan 1976, nominert til Grammy tolv gonger og seld over 10 millioner plater – få andre band har hatt same suksess innanfor melodisk pop-jazz som Spyro Gyra. På plate kombinerer dei R&B, pop og karibisk musikk med jazz – samstundes som dei har vore generøse med å invitere gjester, Brecker Brothers, Marcus Miller, Steve Gadd og Toots Thielemann, berre for å nemna nokre høgdepunkt. Når dei tar musikken med seg på scena blir det heile meir dansbart og funky frå eit lag med ekstremt fingerferdige instrumentalistar. Fun fact: Bandleiar og saksofonist Jay Beckenstein er mannen bak sopransoloen på Dream Theater-låta Another Day.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev