Fredag 22. mar 2013 kl. 22:30

Mopo

Vossa Jazz / Park
Voss
Mopo kan ikkje på noko måte kallast anna enn ein jazztrio, men med humor, tempo, kødding og anarki, så er resultatet vanskeleg å setja i ein einsarta bås.

Om det då ikkje finst ein sjanger som heiter punkjazz?! Dei tre finnane som utgjer trioeen har gjort seg bemerka med sin usedvanlege kommunikasjon under konsertane, og musikken svingar mellom rocka moderne jazz til melankolske balladar. Trioen deltok på Young Nordic Jazz Comets-konkurransen i 2011, og med plata ”Jee!” som utkom hausten 2012 har dei synt seg som noko av det mest spennande frå den finske jazzscena i våre dagar. Den svære, røsslege bassisten Eero Tikkanen står i herleg kontrast til den vevre barytonsaksofonisten Linda Fredriksson, og godt synleg bak dei herjar trommis Eeti Nieminen. Dette blir moro!

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev