Fredag 13.okt 2017 kl. 21:00

Monk i 100: Knut Kristiansen Tentet

Bergen Jazzforum / Vestnorsk Jazzsenter / Sardinen Usf
Bergen

MONK I 100

Knut Kristiansen Tentet featuring John Riley

KNUT KRISTIANSEN piano JOHN RILEY slagverk TOR YTTREDAL alt/sopransaksofon ZOLTAN VINCZE tenorsaksofon AKSEL RØED baritonsaksofon ARE OVESEN trompet SINDRE DALHAUG trombone FRED JOHANNESSEN franskhorn NIKLAS A: KVENILD tuba SIGURD ULVESETH bass
Thelonius Monk – gal, genial og ein gigant i musikkhistoria. Knut Kristiansen – briljant pianist, og ein av dei fremste ekspertane på Monk, både i hovud og fingrar.

Kåkå – to stavingar som maner fram bilete av myndig autoritet og briljant pianospel. At Bergen huser den fremste tolkaren av Monk i Europa er ein vesentleg, men ikkje utfyllande del av historia om Knut Kristiansen – undervegs har han lagt grunnlaget for eit yrande jazzliv og musikkundervisning i byen, starta storband og vore (og stadig er!) ein vesentleg formidlar av afrikansk og latinamerikansk musikk. Han vann Buddyprisen i 1983 og Vossajazzprisen i 1990.
Under 100-årsmarkeringa av Monk vil KK stå for arrangementa og legg opp til eit virtuost samspel med musikarar frå mellom anna Bergen Big Band og Bergen Filharmoniske Orkester. Gjest er New York-baserte John Riley – hustrommeslagar i Village Vanguard, som har spelt med fleire av dei største stjernene i jazzhistoria.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev