Fredag 22. mar 2013 kl. 22:00

Kari Bremnes og Ketil Bjørnstad

Vossa Jazz / Park
Voss
Noreg kan visa til eit imponerande tal musikarar og forfattarar, men det er ikkje mange sjangeroverskridande samarbeidsprosjekt som har gjort seg så bemerka som det til Kari Bremnes og Ketil Bjørnstad.

Samstundes som Bjørnstad skreiv på den store biografien ”Historien om Edvard Munch” komponerte han også musikk til fleire av Munch sine tekstar – diktfragment, prosalyriske stykke og romanutkast. Mest berømt er kanskje det han skriv om ”Skrik”: ”Jeg hørte som et stort uendelig skrik gjennom naturen”. Desse songane blei spelt inn på plate saman med Kari Bremnes på Kirkelig Kulturverksted og blei ein stor suksess, ikkje berre her til lands, men også i Tyskland og Japan. Det skulle vera unødvendig å sei at her blir det stor pågang, så ver tidleg ute på denne!

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev