Fredag 22. mar 2013 kl. 20:00

Gabriel Fliflet: Valseria, eit valseverk

Vossa Jazz / Gamlekinoen
Voss
Nye taktar frå Fliflet betyr ofte taktar ein knapt kan halda styr på, men som likevel får både foten og smilebandet til å rykka.

Vossa Jazz er stolte over å presentera ”Valseria – eit valseverk”. Det er med andre ord tretakten som står i fokus, då Fliflet ser på det som si oppgåve å redda denne trua taktarten.

Vals er ikkje stampande, dunkande, hoppande eller marsjerande – valsen flyt! Me befinn oss ikkje i fine ballsalar i Wien, hovudinspirasjonen ligg i Noreg, Paris og Balkan. Komponisten sjølv uttalar: ”Siden Valseland er et vennlig land kommer jeg også til å invitere inn melodier i 2/4, 4/4, 5/4 og 7/8 og av ulike tempi. Kontraster må til!” Verket har tekstar ført i pennen av Einar Økland, Kjartan Fløgstad og Gabriel Fliflet og blir framført med eit usedvanleg kompetent band. Publikum vil få oppleva valsar om kjærlege sommaraugeblikk, kyrkjegardar, krølling av tær – og saltstenkte svaberg. Bruremarsjar, latinorytmar og rumensk-rytmisk string-swing vil skjerpa sansane ytterlegare!

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev