Søndag 25. aug 2024 kl. 18:00

«Fjell, ekko og troll», Oslo 14 og Bendik Sells

Tonehimmel / Volda kyrkje
Volda

For eit år sida vandra komponisten Bendik Sells opp i Ekkodalen i Ørsta. Synging, roping og testing av dei spesielle lysforholda der oppe vart starten på eit heilt nytt verk for det improvisasasjonsbaserte vokalenseblet Oslo14. Komande helg er det klart for verdspremiere.

Verket har fått tittelen “Fjell, ekko og troll” og tek mellom anna utgangspunkt i ein mindre kjend folketone, «Trollfuglen», som vert bearbeidd og rekomponert saman med mange andre nykomponerte melodiar for høvet. Men verket ber òg på ei unik historie, ei historie om ei tid der forskjellige troll frå hav, himmel, skog, fjell og jord vandra i norske fjellandskap.

– Der dei lyttar til ekkoet av sine eigne røyster og lydar, der dei utforskar melodiar og klangar både med og mot kvarandre, i møte med naturens lydlandskap, fortel komponist Bendik Sells.

Improvisasjon og komponert
Oslo14 består av profesjonelle songarar og Sells er kunstnarisk leiar. Gjennom å ta kollektive og solistiske improvisasjonselement inn i det komponerte, ønskjer dei å utvide rammene for vokalmusikk i kor- og ensembleformatet. Sells er utdanna som komponist og songar frå Norges Musikkhøgskole.

Saman med tonehimmel inviterer dei til konsert i Volda kyrkje søndag kveld, med kirkens akustikk som medspelar.

Bendik Sells, komponist og kunstnerisk leder
Gro-Marthe Dickson
Guro Eliassen Kverndokk
Hedda Hammer Myhre
Marika A. C. Schultze
Petter Hauglum Bermingrud
Sean Bell
Åshild Bergill Hagen

Foto: Nina Holtan / ninaholtan.no

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev