Fredag 22. mar 2013 kl. 22:59

Alex Riel / Stefan Pasborg «Another Universe»

Vossa Jazz / Fraktgodsen
Voss
Når to av dei leiande trommeslagarane i Danmark slår seg saman, bokstaveleg talt, så kan ein trygt seia at eit anna univers oppstår.

I tillegg til å vera gudfar og gudson, så har Riel og Pasborg eit ganske unikt musikalsk band basert på felles forståing for slagverkkunsten og det kraftfulle potensialet som ligg her. Deira individuelle karrierer vitnar om to utforskande musikarar som aldri er redde for å testa grensene samtidig som dei har oppnådd store fanskarar fordi dei alltid leverer: dei lovar å føra lyttarane gjennom ei reise i eit univers av rytme og harmoni, fortid og notid, rock og jazz, nærver og improvisasjon. Dei lukkast tur etter tur.

For å oppsummera med eit sitat av ein fan frå moderlandet: ”Fuk hvor genialt mand”. Når ein ser stjernelaget dei har med seg, er det berre å kjenna si besøkstid.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev