Søndag 10. nov 2013 kl. 15:00

Turnéavslutning! Baker Hansen – Chet på norsk

Baker Hansen /
Arendal

Baker Hansen er historia om fem norske jazzutøvarar som tok Chet Baker med på ei norsk språkreise.

Resultatet er eit spennande møte mellom amerikansk cooljazz og norsk fjelluft, tidlege jazzstandarder og vårt eige morsmål.

Høyr Baker Hansen her: www.soundcloud.com/baker-hansen

Og besøk vår Facebook-side: www.facebook.com/bakerhansen

Kva har Chet Bakers vestkyst-sound med norsk lyrikk å gjøre? Ikkje så lite, faktisk. Fleire års opphald i Skandinavia på 80-talet førte til at Chet sjølv samarbeida med ei rekkje norske musikarar, og særleg kjent er album-samarbeidet «Blåmann! Blåmann!» med Jan Erik Vold – ein ruvande skikkelse i norsk diktarkunst, som óg har bidrege med gode innspel til gjendiktingsarbeidet. 

Når så kvintetten «BAKER HANSEN» tek opp denne arven, er det låter frå Chet Bakers repertoar som har fått fornya kraft gjennom nyskrivne, nynorske tekster, gjendikta av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. At tekstane er på vårt eige språk gir publikum anleiing til å møte denne musikken på nært hald, og høyre med «nye øyre» på klassikarar frå standardrepertoaret. Konsertopplevinga vil pregast av at publikum gjenoppdager kjente melodiar som There will never be another you og My funny valentine, eller sagt med Baker Hansen sine ord, «Aldri finn eg ei nett slik som deg» og «Min fine hjarteven». Og kva for klassisk jazzlåt skjuler seg bak tittelen «Eg vert så lett forelska»?

Besetninga på 5 er eit knippe musikarar frå det yrande jazzmiljøet i Oslo, og representantar for ein ung og spennande generasjon utøvarar på den norske jazzscena, med ei rekkje betydelege samarbeid i bagasjen. 

Sigurd Rotvik Tunestveit (Ål) – vokal og gjendikting

Thomas Husmo Litleskare (Heimdal) – trompet

Kjetil Jerve (Ålesund) – piano

Stian Andreas Andersen (Tasta) – kontrabass

Tore Flatjord (Nannestad) – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev