Tirsdag 22. feb 2011 kl. 20:00

Konsert med The Brazz Brothers

Jølster Jazzklubb / Skei Hotel
Jølster

Musikkglede, trøkk og improvisasjonskunst går som ein raud tråd gjennom alt The Brazz Brothers er med på. I dei seinare åra har dei spilt saman med alt frå afrikanske stammehøvdingar til trompetlegenden Lester Bowie og danske Povl Dissing. I konsertsamanheng får du dei i rein og ublanda tapping der dei garantert trykker ventilane til botnen og leverer ein heilstøypt improvisasjonskonsert med musikk som spenner frå New Orleans-jazz via afrikanske rytmar til folkemusikk.

Øvst i toneregisteret finn vi Jarle og Jan Magne Førde på trompet og flygelhorn. I midten Runar Tafjord på valthorn og Helge Førde på trombone og i botnen Stein Erik Tafjord på tuba. Bak trommene Kenneth Ekornes som bind det heile saman – forsiktig krydrande eller med solid trøkk og framdrift.

Jølster Jazzklubb og Skei Hotel ynskjer vel møtt til ein forrykande konsert!

Førehandssal av billettar: Skei Hotel, tlf. 57 72 78 00. I døra frå kl. 19.15 konsertdagen.

Overnattingstilbod på Skei Hotel i samband med konserten: kr 995,- for 2 personar i dobbeltrom inkl. frukost, kr 750,- i enkeltrom inkl. frukost. Rombestilling i samband med bestilling av konsertbillettar til hotellet på tlf. 57 72 78 00 eller send ein e-post til resepsjon@skeihotel.no.

 

 

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev