Lørdag 21. okt 2023 kl. 20:00

Espen Eriksen Trio med Andy Sheppard

Stord Jazzklubb / Stord Hotell
Kjøtteinsvegen Stord

Melodiske meistrar i samarbeid med britisk jazzstjerne.
Espen Eriksen Trio og den prisvinnande britiske saksofonisten Andy Sheppard spelte sin første konsert saman i London i 2016. Frå første tone var det klart at dette var ein perfekt match. For å sitera jazznettstaden All About Jazz, “the symbiosis between the saxophonist and the trio is truly remarkable”.
I 2018 gav dei ut si første plate saman, «Perfectly Unhappy». Den vart til etter turnear for fulle hus rundt om i Europa, følgt opp med livealbumet «In the Mountains».
Etter 15 år, med ein jamn straum av kritikarroste plater på Rune Grammofon og turnering verda over, er Espen Eriksen Trio godt etablert på den internasjonale jazzscenen. Med sin melodiske minimalisme, subtile komposisjonar og tette samspel har dei skapt sin heilt eigen sound.
Andy Sheppard på si side har gjennom sin meir enn 40 år lange karriere spelt med jazzlegendar som Gil Evans, George Russell og Carla Bley. Han gir også ut plater i eige namn på plateselskapet ECM.
Saman skaper dei fire musikarane melodisk jazz av beste merke som har fått meldarane til å henta fram superlativa og trekkja linjene tilbake til Keith Jarrett og Jan Garbarek sin legendariske «Belonging»-kvartett. I haust kjem deira tredje, og trioens sjuande, utgivnad. Vi får med andre ord servert rykande fersk musikk frå scenen på Stord Hotell denne kvelden.
Andy Sheppard – saksofon
Espen Eriksen – piano, komposisjonar
Lars Tormod Jenset – bass
Andreas Bye – trommer

Espen Eriksen Trio – Suburban Folk Song: https://youtu.be/WwnfSfQOxik
Espen Eriksen Trio – Where The River Runs: https://youtu.be/i8edAEoGKtU
Espen Eriksen Trio – End Of Summer: https://youtu.be/yhVNewR7oBw
Espen Eriksen Trio/Andy Sheppard – 1974: https://youtu.be/QvQryPOwwLQ
Espen Eriksen Trio/Andy Sheppard – Anthem: https://youtu.be/5Q6zVjrRlG8
Website: www.espeneriksentrio.com
Facebook: www.facebook.com/espeneriksentrio
YouTube: www.youtube.com/c/

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev