Donkey Monkey
Eva Risser flygel, preparert piano
Yuko Oshima – trommer, perc
To svært sjølvstendige og kreative sjeler kjem saman i denne duoen med den
franske pianisten Eva Risser og japansk slagverkar Yuko Oshima. Donkey
Monkey er uforutsigbar, gjer ugagn og gjer sitt beste for å undergrava
jazzkonvensjoner. Bandet kan vel så gjerne bryta ut i song som å spela
ragtime eller store beats frå den japanske rockescena. Saman skapar dei eit
unikt konsept som passer ei uvanleg besetning med virtous humor og funky
kollisjoner mellom musikktradisjonar.
http://umlautrecords.com/group/donkeymonkey
http://www.myspace.com/donkeymonkeyduo