Fredag 20. okt 2023 kl. 19:00

Andy Sheppard & Espen Eriksen trio

Kabuso / Kabuso
Øystese

Andy Sheppard – saksofon
Espen Eriksen – piano/komposisjon
Lars Tormod Jenset – kontrabass
Andreas Bye – trommer

Bristiske Andy Sheppard er ein av Europas fremste saksofonistar og har hatt stor innflyting på den internasjonale jazzscena. I samspel med ein ein av våre aller beste pianotrioar, Espen Eriksen trio, ligg det dermed an til ei framifrå oppleving – i Kabuso fredag 20. oktober kl 19.

Bandet er kjend for melodisk minimalisme, subtile komposisjonar og vakre, lyriske stemningar gjennom fleire strålande album på plateselskapet Rune Grammofon og konserter verda rundt.
For å sitera BBC si melding av trioen si andre plate:

”A wonderfully plaintive jazz record, abandoned to the lost art of melodic minimalism, stripped back and beautifully near bare. No smoke and mirrors, just the graceful chemistry of superb musicians at the top of their game”.

Me ynskjer velkomen til ein konsert med fengslande og lyriske songar – ofte melankolske og oppløftande på same tid

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev