Fredag 13. okt 2023 kl. 20:00

Hedvig Mollestad & Trondheim Jazzorkester // Maternity beat

Jazzsirkelen / Parken Kulturhus
Ålesund

Hedvig Mollestad er kanskje mest kjend for tunge, intrikate riff og sofistikert, breial powerjazz, men ho har også vist ved fleire høve at ho er ein visjonær komponist av grandiose verk. Som til dømes på «Maternity Beat», samarbeidet med Trondheim Jazzorkester, som var eit bejubla bestillingsverk til Moldejazz i 2020. Seinare vart det heldigvis også eit heidundrande album av prosjektet. Tematikken i «Maternity Beat» krinsar rundt den mangslungne morsrolla, både frå eit historisk perspektiv, men også ikkje minst frå eigen ståstad. Eit stort prosjekt, men det har det også vorte stor musikk av!

Alltid fantastiske Trondheim Jazzorkester vekslar på «Maternity Beat» umerkande mellom å vera lettbeint og blytung, ulasteleg kledd til alle musikalsk høve. I denne utgåva av orkesteret figurerer mellom anna Ellen Brekken frå Hedvig Mollestad Trio, og dessutan Torstein Lofthus og Ståle Storløkken frå Elephant9, på eit velbalansert og eksepsjonelt lag i alle ledd. Alt ligg dermed til rette for ein gnistrande god kveld. Lista to the maternity beat!

Mai Elise Solberg – vokal, Ingebjørg Loe Bjørnstad – vokal, Trine Knutsen – fløyte, TBA – fiolin, Martin Myhre Olsen – saksofon, Petter Kraft – saksofon, gitar, Emil Strandberg – trompet, Hedvig Mollestad – gitar, komposisjon, Ståle Storløkken – tangentar, Ellen Brekken – bass, TBA – perkusjon, Torstein Lofthus – trommar

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev