Tirsdag 27. nov 2018 kl. 20:00

Hans Kjorstad & Rolf-Erik Nystrøm + Tove Bagge solo

/ Cappelens Forlag, Bernt Ankers gate 4
Oslo

Velkome til konsert på Cappelens Forslag tysdag 27. november klokka 8.

Hans Kjorstad på fele og Rolf-Erik Nystrøm på saxofon vart kjend med kvarandre gjennom Frode Haltli sitt storband kalla «Avant Folk». Dei delar mellom anna interesse for historie, improvisasjon og folkemusikk. Dette blir deira fyrste duokonsert.

Tove Bagge på bratsj er bevandra i klassisk musikk, tidlegmusikk, improvisasjonsmusikk, folkemusikk etc. På tysdag spelar ho heilt åleine, det blir spanande å høyre!

Inngang kroner 50.

Det vert på det sterkaste oppmoda til å ta julehandelen på Cappelens Forslag. Slik kan vi gjennom bøkenes forunderlege verd spre gode bodskap til våre kjære, samstundes som vi held i gang ein kompromisslaus bokhandel og kafé.

Pris:
50

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev