Fredag 29. jan 2016 kl. 20:00

FINSEJAZZ: NEW CONCEPTION OF JAZZ

Bergen Jazzforum/Finse1222 / Finse1222
Finse

Bugge wonderland!

MARTHE LEA tenorsaksofon ODDRUN LILJA gitar SANSKRITI SHRESTA tablas SIV ØYUNN KJENSTAD trommer BUGGE WESSELTOFT tangentar, elektronikk

I 1995 fekk vi eit paradigmeskifte i norsk jazz då Bugge Wesseltoft ga ut New Conception Of Jazz. Tjue år etter er det på tide å utforska musikken på nytt med ein ny generasjon utøvarar.
Om det finns ein norsk musikar med definisjonsmakt langt utover jazzen, så må det vera Bugge Wesseltoft. I tillegg til å vera ein jazzvirtuos på tangentinstrument og å drifta plateselskapet Jazzland, har han vore ein pioner i å modernisera den elektroniske jazzmusikken. Samstundes har han funne tid til å produsera Jan Eggum og turnera med Jan Garbarek, berre for å nemna ein brøkdel av engasjementa hans.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev