Fredag 20. apr 2012 kl. 22:00

Brian Blade – Music for Mama Rosa

Bergen Jazzforum / Sardinen Usf
Bergen

Brian Blade – vocals and guitar Kelly Jones – vocal and guitar Chris Thomas – bass Goffrey Moore – guitar Steve Nistor – drums

Brian Blade er i jazzverda mest kjend som den fabelaktige trommeslagaren i Wayne Shorter sin kvartett, og som bandleiar i The Brian Blade Fellowship. Som sidemann har han mellom anna spelt med Daniel Lanois, Joni Mitchell, Bob Dylan, Seal og Norah Jones.  Med ”Mama Rosa” møter vi Brian Blade først og fremst som vokalist og gitarist i eit landskap av iøyrefallande popmelodier. Songane er skrivne over mange år, og Blade gjorde dette for sin eigen del utan å rekne med at andre ville høyre – heldigvis overtalte Daniel Lanois han til å samle og gje dei ut.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev