Lørdag 22. sep 2012 kl. 14:00

BAKSNAKK spesial med Studio Sokrates

Det Norske Teater / Det Norske Teater
Oslo

BAKSNAKK SPESIAL Sorga kler Elektra – med Studio Sokrates, NRK P2
Laurdag 22. september kl. 14.00, Scene 2
Frå antikk politikk til freudiansk sjelegransking
Korleis ser vi på mellommenneskelege relasjonar i ei tid da Freuds lære er blitt populærvitskap? Der filosofien sluttar kan jazzen gi dei tragiske spørsmåla ein ny dimensjon. Vi har vore så heldige å få Studio Sokrates – NRK P2s underhaldande program om jazz og filosofi – som gjestar til Det Norske Teatret. I «studio» på Scene 2 sit filosof Vigdis Songe-Møller i lag med dei livsvise og kunnskapsrike programleiarane Knut Borge og Lars Nilsen. Programmet blir krydra med live musikk med musikarane og skodespelarane frå Sorga kler Elektra.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev