Lørdag 05. okt 2019 kl. 20:00

Baker Hansen – Chet Baker på norsk

Stord Jazzklubb / Grand Hotel
Stord

Sidan 2010 har kvintetten Baker Hansen laga sine eigne musikalske forteljingar, baserte på musikken til den amerikanske jazzlegenda Chet Baker. Laurdag 5. oktober får Stord Jazzklubb besøk av desse fem norske jazzutøvarane som tok Chet Baker med på ei norsk språkreise. Resultatet vart eit spanande møte mellom amerikansk cooljazz, tidlege jazzstandarder og vårt eige morsmål, gjendikta og framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal.

At tekstane er på vårt eige språk gjev publikum høve til å møta musikken på nært hald, og høyra med «nye øyre» på klassikarar frå standardrepertoaret. Med friske arrangement med hint av både nostalgi og nyskaping gjev Baker Hansen publikum eit unikt høve til å gjenoppdaga den store jazzlegenda frå USA.
Baker Hansen har gjeve ut to album med Chet på norsk, Ei som deg (2014), Gamle Daga (2016). Tredje plata kjem ut i år.

Gjennom fleire års opphald i Skandinavia på 1980-talet samarbeidde Chet sjølv med ei rekkje norske musikarar, og særleg kjent er album-samarbeida med poeten Jan Erik Vold.

Medlemmer i Baker Hansen:
Sigurd Rotvik Tunestveit – vokal og gjendikting
Thomas Husmo Litleskare – trompet
Håvard Aufles – piano
Stian Andreas Andersen – kontrabass
Tore Flatjord – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev