Tirsdag 05. apr 2011 kl. 20:00

Årets hottaste? Konsert med Hot Club de Norvège!

Jølster Jazzklubb / Skei Hotel
Jølster

Hot Club de Norvège er eitt av dei hottaste livebanda i Noreg og har vore kontinuerleg på vegen sidan hausten 1979. Internasjonalt blir dei rekna blant dei fremste innan string swing. Med utgangspunkt i musikken til den legendariske sigøynargitaristen Django Reinhardt har dei i dag sitt eige uttrykk og ein unik sound. Musikarane i Hot Club de Norvège er berømte for si smittande speleglede og skaper ei heilt eiga stemning på konsertane. Musikken spenner frå glad og utovervend swing og heftig lidenskap til inderlege balladar og tragiske valsar, med ein og annan song ved Per Frydenlund innimellom. Mykje av repertoaret er signert Jon Larsen.

Jon Larsen (gitar), Finn Hauge (fiolin og munnspel), Per Frydenlund (gitar) og Svein Aarbostad (bass). Velkommen!

 

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev