Lørdag 23. mar 2013 kl. 21:00

Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland

Vossa Jazz / Park
Voss
Endeleg folkemusikken I høgsetet igjen! Det meste Odd Nordstoga tek i blir gull, og då er det ekstra kjekt at han vender tilbake til røtene, og tek med seg sambygding Ingebjørg Harman Bratland på turen.

Sidan ho var lita jente i Vinje har ho trollbunde alle med ein musikalitet og ei stemme av ein sjeldan og heilt spesiell kvalitet og har ei særdeles høg stjerne i folkemusikkmiljøet.

Dei har berre med seg kvar sin gitar og kvar si sterke, berande stemme for å formidla dei songane som gjennom alle år har lege på tunga til menneska i mellom fjella heime øvst i Telemark. Tittelen på prosjektet vart sjølvsagt Heimafrå. Øss gler øss!

Odd Nordstoga – vokal, gitar
Ingebjørg Harman Bratland – vokal, gitar
Gjermund Silset – bass

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev