Lørdag 13. des 2014 kl. 20:00

Høgtidsrom. Julekonsert med Beate S. Lech og koret Tolvtetten

Kirkelig Kulturverksted / Spjelkavik kyrkje
Ålesund

I haust sang Beate Lech inn sitt første julealbum saman med SKRUK. Albumet har fått glitrande kritikkar rundt om i landets aviser.

Beate har sjølv arrangert alle songane for kor og skreve ein del av dei nynorske tekstane. Ho har også laga ein heilt ny julesong med tekst av mormor frå Rovde. Ho har nå invitert med seg Tolvtetten til å gjennomføre ein liten juleturne i distriktet, og den startar i Fosnavåg konserthus.

Det er ei sakral stemning over det heile. Ingen av julesongane handlar om snø eller nissar. Beate har valgt å skrive arrangementa i eit litt mystisk landskap. Songane vil kanskje ikkje framstå som så lettygde som vi ofte kjenner dei, men med litt motstand både i klang og harmonikk. Det kan sparke litt av og til, samtidig som det er lagt til rette for eit mektig og vakkert løft. Ho utnyttar dynamikken maksimalt – frå det heilt vare og skjøre til det brusande og dundrande. På denne julekonserten skal ikkje publikum sovne, men la seg løfte opp og ut av kvardagen og inn i det indre rommet, der sårbarheta og åpenheta bur. Og då kan alt skje.

I tillegg til kor og Beate sin eigen soliststemme, er det med eit band som består av Andreas Bye på trommer, Marius Reksjø på bass og Jørn Øien på tangentar. Dei vil bære kor og solist med improvisatorisk leikenhet.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev