Fredag 11. mar 2022 kl. 20:00

Baker Hansen – Chet på norsk

/ Lauget kaffi og kultur
Sandane

Sart. Sårt. Og samtidig uimotståeleg coolt – slik kan Chet Baker sin musikk skildrast.
Korleis lytter ein med nye øyre på nokre av dei mest kjente klassikarane frå jazzlitteraturen?
Og korleis tolke ein gigant som Chet Baker i ny, norsk kontekst?
Baker Hansen har sidan 2010 laga sine eigne musikalske forteljingar, basert på musikken som
Chet Baker spelte. Historiane er tidlause og velkjente, men teksten er omarbeidd til norsk og
framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. På vårt eige mål
kjem musikken og innhaldet brått nærare på oss – og konsertane vert ei øyreopnande
oppleving som publikum på godt over 200 konserter i Noreg og Sverige kan fortelje om.
Baker Hansen har gjeve ut tre album, Ei som deg (2014), Gamle Daga (2016) og
Live i Oslo med John Pål Inderberg (2019).
***
Sigurd Rotvik Tunestveit: song og gjendiktingar
Erling Skorpen: trompet
Tore Flatjord: trommer
Kjetil Jerve: piano
Stian Andreas Egeland Andersen: kontrabass Se mindre

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev