Lørdag 27. apr 2013 kl. 14:00

Holum trio

Jazzsirkelen / First Bar & Restaurant
Ålesund

Holum Trio har sitt utspring frå Norges Musikkhøgskole i Oslo. Bandet utforskar krysninga mellom improvisasjonsbasert jazz og meloditeften til moderne pop. Musikken skal vere tilgjengelig for lyttaren, men samtidig ha djupne og element som kanskje ikkje oppfattast ved første øyrekast. Bandet spelte sin første konsert på Sound of Mu i Oslo hausten 2011, og har sidan spelt på mellom anna Nasjonal Jazzscene, MoldeJazz og KongsbergJazz. Dei har turnert Sør‐ og Vest‐Norge, Nord-Norge i november 2012 og planlegg ein turné på Sunnmøre våren 2013. Trioen jobbar for tida med å legge musikk på ein kortfilm i samarbeid med Willumfilm frå Danmark, og planlegg plateinnspeling i løpet av 2013. Holum trio består av: Vegard Holum – trompet, Stian Andreas Andersen – kontrabass og Øystein Aarnes Vik – trommer.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev