Heimabrygg og bømlablues
For to år sidan gjorde Atle Hansen og Bømlablues stor lukke på jazzklubben sin bluesfest. I år er Atle tilbake med eit litt endra band, eit liknande, men med litt utvida, repertoar. Songane er som før baserte på blues og r&b, tekstane er som før på bømlamål, stordamål og nynorsk, og humoren er som alltid til stades. Her vert det sunge både om galne bømladamer, den blå månen, pub-besøk på Vikjo og dorging etter lyr.
Rubbarane Rolf Martin Haldorsen og Frode Kvandal er på plass, Jan Evald Kleppe steppar inn på trommer og Ole Jacob Hystad erstattar dei tre kvinnelege koristane i permisjon. Atle og Ole Jacob har spela saman sidan tidleg på åttitalet, både i Blue Soul i Bergen, Bakeriet Blues Band, Blå måne og Underhaldningsselskapet. No er det fleire år sidan dei har spela blues saman, så dette kan det bli stor moro og god musikk av.
Atle Hansen – vokal og gitar
Rolf Martin Haldorsen – gitar
Frode Kvandal – bass
Jan Evald Kleppe – trommer
Ole Jacob Hystad – sax
Tubesnakes
Tubesnakes feira i 2024 30 år som band. I tillegg hadde dei same året plateslepp av langspelaren «Navasota, TX» på Osvald i november.
Brorparten av låtane på plata vart spelt inn i bandet sin mangeårige samarbeidspartnar Randy Pavlock (College Station, USA) sitt eige studio. Pavlock deler produsentansvaret for innspelinga med Tubesnakes sin eigen Per Kenneth Hauan. Navasota, TX er heimbyen til Pavlock, og namnevalet feirer difor også mange års musikalsk samarbeid og venskap på tvers av landegrenser, hav og tidssoner.
På blueskvelden til Stord Jazzklubb spelar Tubesnakes låtar frå plata Navasota TX. Stordmusikarane gleder seg til å få spelt nytt og gamalt materiale frå bandet sine fire tidlegare album. Bømlingen gleder seg og.
Rolf Martin Haldorsen – vokal og gitar
Johnny Stensletten – bass
Per Kenneth Hauan – tangentar
Per Inge Stensletten – trommer