Velkomen til ny sesong med Meland Jazzkafé!
Vi er tilbake! Fredag 28. august opnar vi dørene til ein ny sesong med flotte konsertopplevingar på Meland Jazzkafé.
Første band ut er Rune Frotjold Band – eit nytt og spennande band rundt gitaristen og komponisten frå Radøy.
Rune har dei siste åra skrive og produsert ei mengd eigne låtar, og konserten byggjer rundt desse. Vi får høyre funk-inspirerte og rytmisk spennande låtar som Glitter, Tillit og Fnugg, i tillegg til musikk frå ulike sjangrar – med både Elton John og Frode Thingnæs på repertoaret.
Med seg har Rune:
• Jørgen Moland – keyboard
• Emmanuel Isaak Matos – perkusjon
• Peter Sæverud – bass
• Helge Haukås – trompet og vokal
Fredag 28. aug 2026 kl. 19:30
Meland Jazzkafe med Rune Frotjold Band
Meland Jazzkafe / Meieriet
Frekhaug