Torsdag 29. okt 2026 kl. 19:00

Baker Hansen | Chet Baker på norsk

/ Kulturhuset på Torvet
Åsgårdstrand

Baker Hansen – Chet Baker på norsk
Baker Hansen har sidan 2010 leita etter svaret på dette i språk og samspel, basert på musikken som Chet Baker spelte.
Jazzklassikarane er tidlause og velkjende, men tekstane er omarbeidde til norsk og framførte på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. På vårt eige mål kjem musikken og innhaldet brått nærare oss – og konsertar fulle av kollektivt liv og leik, framført av eit velspelande ensemble, blir til øyreopnande opplevingar.
Baker Hansen har gjeve ut fire album: *Ei som deg* (2014), *Gamle Daga* (2016), *Live i Oslo* med John Pål Inderberg (2019) og *Ein song som liknar oss* (2024).
No kjem Baker Hansen til Kulturhuset Torvet for ein kveld med vakker jazz, norske ord, hallingdialekt og mykje speleglede.
**Sigurd Rotvik Tunestveit** – song og gjendiktingar
**Erling Skorpen** – trompet
**Kjetil Jerve** – piano
**Stian Andreas Egeland Andersen** – kontrabass
**Tore Flatjord** – trommer
**Dørene opnar kl. 18.00 – konserten startar kl. 19.00.**
Billettar: kr 345,- (+ kr 25,- i avgift).
**

Pris:
345 kr + 25 kr avgift

Restriksjonar Dei siste åra har lært oss at mykje uventa kan skje i verda. Endringar kan derfor kome som følgje av pandemiar eller andre uføresette hendingar. Ansvarsfråskriving Billettar blir berre refunderte dersom arrangementet blir avlyst.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev