Lørdag 31. okt 2026 kl. 14:00

Vegard Holum sings– ein hyllest til Chet

Jazzsirkelen / Parken Kulturhus
Ålesund

Jazzcafé i foajeen på Parken kulturhus Ingen regel utan unntak. I år har Jazzsirkelen testa jazzcafé på søndagar – og no testar vi jazzcafé i foajeen på Parken kulturhus. Denne ettermiddagen har Vegard Holum sett saman ein hyllest til Chet Baker, saman med eit kremlag av musikarar frå regionen. Vegard Holum er musikar og komponist frå Fosnavåg, med utdanning frå Universitetet i Agder og Norges musikkhøgskole. Han voks opp i ein musikkfamilie, omgitt av kor og song, og vart tidleg oppteken av melodien – korleis han heilt på eiga hand kan skape spenning, og brått bli både kraftfull og mjuk i møte med andre musikalske element. Som aspirerande jazztrompetist retta Holum tidleg merksemda mot sjølve nestoren innan melodisk trompetspel: Chesney Henry Baker Jr., betre kjend som Chet Baker. Den uanstrengde og horisontale melodiføringa hans over hyppige akkordskifte var djupt fascinerande. Det låg inga trong der til å imponere eller briljere. Han berre var musikken. No ønskjer Holum å dykke ned i Baker sitt nostalgiske univers. Han har plukka ut sine favorittar frå katalogen og tek på seg rolla som både trompetist og vokalist. For å tolke musikken har han fått med seg svært kompetente musikarar og inviterer til ei konsertstund i cooljazzens teikn. Vegard Holum – trompet og vokal Norvald Dahl – piano Lars Martin Vik – kontrabass Børre Dalhaug – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev