Dei siste åra har Thomas Strønen (Food, Meadow, Maria Kannegaard Trio, Humcrush, Mats Eilertsen Trio) gjort suksess med det dynamiske bandprosjektet Time Is A Blind Guide, både på konsertscener og på ECM-utgjevingane Time is a Blind Guide (2015) og Lucus (2018).
Trioen som kjem til Vossa Jazz starta gjennom jamnlege møter der dei prøvde ut ulike tilnærmingar til improvisasjon. Først etter eit halvt år dukka dei opp på ei scene, etterfølgt av plateinnspeling på ECM. Trioen består av Strønen på trommer, pianist Ayumi Tanaka, som har studert improvisasjon under legendariske Misha Alperin og har gjort seg bemerka med sitt eige band Ayumi Tanaka Trio, og saksofonist Marthe Lea frå mellom anna frå Bugge Wesseltoft si nyaste utgåve av New Conception of Jazz. Trioen søkjer ei sjangerfri tilnærming til musikken, og lét frie assosiasjonar, improvisasjon og leik styre kursen.
Marthe Lea – saksofon, klarinett, fløyter, vokal, perkusjon
Ayumi Tanaka – piano
Thomas Strønen – trommer