På det siste albumet Tomorrow We’ll Figure Out the Rest har Silje Nergaard skrive ei samling melodiske låtar inspirerte av klassiske jazzstandardar. Her vender Silje attende til jazzen, som ho starta med i 2001 med At First Light, som opna døra til den internasjonale jazzscena.
Til Jølster har ho med seg dei to stjernegitaristane Hallgrim Bratberg og Håvar Bendiksen som ho har turnert verda rundt med og fått strålande respons for konsertane sine.
Publikum kan gle seg til ein konsert fylt med varme, humor og musikalsk leik.
Silje Nergaard vokal
Hallgrim Bratberg gitar
Håvar Bendiksen gitar