Fredag 28. mar 2025 kl. 19:30

Meland Jazzkafe med Gjersvik, Weberg, Villanger Trio

Meland Jazzkafe / Meieriet
Frekhaug

Etter den siste utselde konsertsuksessen kjem godbitane som perler på ei snor! No kan vi tilby endå ei oppleving med tre utruleg kule karar – nokre av dei beste musikarane frå Vestlandet.
Gjersvik, Weberg Villanger Trio
Gjersvik, Weberg, Villanger Trio er ein jazztrio frå Bergen med Kristian Weberg på piano, Ole Amund Gjersvik på kontrabass og Stian Villanger på trommer. Trioen spelar hovudsakleg komposisjonar av Gjersvik, med ein miks av melodisk jazz og latinske rytmar. Dei inkluderer òg jazzstandardar i repertoaret sitt, noko som gjev publikum ei variert musikalsk oppleving.
Trioen har gitt ut to album, New Beginning og Blue Note, der dei framfører Gjersvik sine eigne komposisjonar. Etter utgivingane har dei spelt fleire konsertar som trio med trommer, der dei også har blanda inn kjende jazzstandardar.
I 2024 sleppte dei Live At Swing’n’Sweet, eit opptak frå konserten deira på Swing’n’Sweet Jazzklubb i Bergen den 9. mars 2024. Albumet fangar energien og samspelet til trioen i ein levande konsertstemning.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev