Det vert ikkje Jazz på Jølst utan ein konsert for born/familie og i år kjem altså Toget til Skei.
«TOGET» er eit band som spelar kul gitarmusikk. Her får
du musikk du garantert har høyrt før, blanda med nokre nye,
friske musikalske kjenningar.
Ta plass på toget og bli med og syng, klapp, knips og dans! Toget slentrar stødig og taktfast langs skinnene og tek deg trygt
gjennom kjende og ukjende landskap.
Marius Hirth Klovning – Gitar og Banjo
Edvard Mjanger – Bass
Mats Mæland Jensen – Trommer og perkusjon
Foto
Lørdag 10. okt 2026 kl. 00:00
TOGET
Jølster Jazzklubb / Brunsj&Briller
Skei