I år er det super duoen Daniel Herskedal & Marius Neset som Tjuvstartar festivalen Jazz på Jølst 8. oktober i Restaurant Kraftverket på Jølstraholmen
Herskedal og Neset er to av Jazz-Norge sine internasjonalt sørste stjerner. Med eigne grupper og i samarbeid med store orkester spelar dei for utselde konserter og får ståande ovasjonar frå så vel publikum som media.
Det er ikkje så ofte dei to har tid til å spele saman. Konsertar med eigne band og prosjekt, samt komponering, tek det meste av tida og det er nærast ei storhending kvar gong dei tek opp att duo samarbeidet.
Duo formatet gjev publikum eit breitt repertoar frå heftig jazzimprovisasjon til impulsar frå folkemusikk og klassiske klangar.
Velkomen!
Daniel Herskedal tuba – basstrompet,
Marius Neset – saksofonar