Bassisten Mats Eilertsen leiar ein av Noregs leiande kvartettar med tre musikarar som passar perfekt til komposisjonane hans. Med vossingen Tore Brunborg, bergensaren Tomas T. Dahl, og tolgingen Hans Hulbækmo i bandet, kan me garantera for ein strålande konsert.
Eilertsen har ei rekke eigne plater på samvitet. Han går aldri på scenen utan at det orkestrale er på plass, og me kan lova ein lyrisk kveld med utsøkt ensemblespel og fantastiske solistar.