Lørdag 09. nov 2024 kl. 20:00

Mari, Stein & Moskus

Stord Jazzklubb / Stord Hotell
Kjøtteinsvegen Stord

Mari Kvien Brunvoll, Stein Urheim og trioen Moskus har slått seg saman! Urpremieren på Vossa Jazz gjekk aldeles strålande og no er dei klare for stamveg-turné hausten 2024.
Dette prosjektet kom i stand i samarbeid med Vossa Jazz og hadde urpremiere i år. Det er Stein Urheim og Mari Kvien Brunvoll som har skrive musikken og teke initiativet, men trioen Moskus har vore med å arrangera og forma ut musikken som har fått tittelen Branches & Limits.
Moskus har på kort tid etablert seg som ei leiande kraft i det norske musikkmiljøet. Som trio har dei motteke fire Spellemannsnominasjonar fordelt på fem studio-album. I skjeringspunktet mellom minimalisme, avant-garde, ambient og jazz har den akustiske trioen med sin særeigne kjemi funne fram til eit unikt uttrykk med leiken musisering og kreativt samspel.
Anja Lauvdal er ein av dei mest aktive pianistane i landet, mest ettertrakta og allsidige musikarar og komponistar. Ho er mellom anna musikalsk leiar for hyllest-konserten til Joni Mitchell som nyleg besøkte Grieghallen og Stavanger Konserthus. I tillegg består trioen av trommeslagar Hans Hulbækmo frå Atomic og Broen og bassist Fredrik Luhr Dietrichson frå Morgonrode og Moenje.
I Moskus er dei likeverdige medlemer som vekslar mellom fri improvisasjon og utforsking av komponert materiale, og her har dei med seg to leikekameratar til – bergensyndlingane Stein Urheim og Mari Kvien Brunvoll. Også dei har imponerande karrierer kvar for seg. Dei er begge velsigna med musikalitet i bøtter og spann og har dessutan kvar sin unike signatur som er lett å kjenna igjen og umogleg å erstatta.
Det opne og improvisatoriske går igjen i musikken til Brunvoll og Urheim. Duoen har alltid vore interessert i å blanda det kjende og det ukjende i sine låtar, både i tekstar, komposisjonar og klangar. Dei arbeider ofte utan fast oppskrift og endar gjerne opp med undrande, nysgjerrige låtar som både fenger og utfordrar. Musikken er tradisjonell, eksotisk og tiltalande på ein gong, og spelegleda er både leiken og smittande.

Mari, Stein & Moskus:
Mari Kvien Brunvoll – vokal, elektronikk, perkusjon, harpeleik
Stein Urheim – vokal, gitar, elektronikk
Anja Lauvdal – piano, synth, elektronikk, vokal
Fredrik Luhr Dietrichson – kontrabass, vokal
Hans Hulbækmo – trommer, perkusjon, vokal

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev